Bli ein endå betre redaktør – bli med på redaktørspeeddate!

Primærfaner

Bli ein endå betre redaktør – bli med på redaktørspeeddate!

Del: 
Dato: 
Torsdag 24. okt
Sted: 
Fagpressens lokaler, Akersgt. 43 - inngang fra Lille Grensen
Kl.: 
15:00 til 17:00
Passer for: 
Redaktører
Pris: 
Gratis for Fagpressens redaktører

Du kan læra å bli ein betre redaktør av dine redaktørkollegaer! Derfor inviterer Fagpressas redaktørforum alle redaktørar i alle fagblad både på nett og på papir til å delta i redaktørspeeddate torsdag 24. oktober klokka 15.00 hos Fagpressen, Akersgata 43.

Me ynskjer at du skal få ei aha-oppleving av å sjå artiklar i fagblad med dine redaktørkollegaer ved roret, medan dei skal bli grøne av misunning av artiklar du har med i fagbladet du er redaktør for! De kan læra av kvarandre ved å gi positive tilbakemeldingar på det som de likar i fagblada til dei andre redaktørane. Samtidig kan du gi gode råd om kva som kan bli betre i blada til kollegaene dine.

Me deler redaktørane inn i grupper på tre som går gjennom utvalde artiklar i fagblada sine, og så avsluttar me med ei felles oppsummering på slutten av speeddaten.

Vil du at datane dine skal koma med konkrete innspel på spesielle ting i fagbladet ditt? Då kan du gjerne senda oss spørsmålet på førehand til fagpressen@fagpressen.no

  • Er du interessert i å prøva redaktørspeeddaten?
  • Send påmelding med skjemaet til høgre, innan onsdag 16. oktober.
  • Send dei artiklane du vil ha vurdert på epost til Martin Toft i FRF-styret: martin.toft@uniforum.uio.no
  • Send inn PDF-filar av artiklar i fagbladet om det er i papirversjon, og nettlenker om bladet er digitalt.

Det må skje innan tysdag 15. oktober kl 16.00.

Då møtest me på date torsdag 24. oktober kl. 15.00!

Arrangør: Fagpressas redaktørforum

Påmelding: 
Rekkefølge
Ønsker du ha med noen kolleger, kan du melde de på ved å skrive navnet deres i feltet over.