– Toppleiarar må kursast i Redaktørplakaten

– Toppleiarar må kursast i Redaktørplakaten

Martin Toft, sittende leder i FRF, inviterer allel redaktører i Fagpressen til årsmøte torsdag 11. februar. (Foto: BN).

Del: 

Kva er grunnen til at mange fagblad møter trugsmål om at leiinga vil fjerna Redaktørplakaten? Me trur rett og slett at svaret er at toppleiarane ikkje har blitt kursa i grunnleggjande informasjon om Redaktørplakaten. Det skriv FRF-leiar og redaktør i Uniforum Martin Toft i Journalisten.

Mange av dei uavhengige fagblada lever farleg. Medan redaktør og journalistar jobbar samvitsfullt og skriv kritiske artiklar om eigen organisasjon eller eigen utgjevar, kan det brått dukka opp ein toppleiar som ikkje har sansen for at det eksisterer eit fagblad som ser kritisk på verksemda på heile arbeidsplassen. For vedkomande er eit fagblad som er redigert i samsvar med prinsippa i Redaktørplakaten ein raud klut.

Kvart år dukkar det opp saker der toppleiarar prøver å ta kvelartak på eit fagblad ved å føreslå at fagbladet ikkje lenger skal vera uavhengig og kritisk og redigerast etter Redaktørplakaten, men anten leggjast inn under kommunikasjonsavdelinga eller rett og slett bli lagt ned.

Slik innleier Toft artikkelen, der han lovar å "gjere det me kan for at eit slikt tilbod blir oppretta".

Les heile innlegget her.

Fagpressekatalogen

fagpressekatalogen.no

Her er oversikt over alle medlemmene i Fagpressen.
Med informasjon om mediet, kontaktpersoner, opplag, utgivelser, priser, osv.

Høstkampanje 2023


Her finner du den siste kampanjen til Fagpressen. Hent annonsene her!
Les også: